Frå kvitlauk til lauk som ikkje er til å grina av

Rune Reisegg Jacobsen

Lightning talkWednesday: 11:40 - 12:25Kongesalen 2+3

I Frende Forsikring hadde me ein fin Nettbutikk, bygd på rekordtid, som drog inn millionar i tilbod kvart år. Men under lokket var det noko som lukta. Butikken var vanskeleg å læra, testa og utvida. Etter fem år med lapping og bug-fiksing, fann teamet ut av nok var nok. I dag delar me vår oppskrift på lauk som ikkje er til å grina av. Korleis teamet lærte seg F# og domenedrevet design, og flytta Nettbutikken frå fleire mikrotenester til ein funksjonell monolitt. Likar du ein tradisjonell lauk framfor tett knyta kvitlauk vil denne presentasjonen falla i smak.